PwC – eit unikt fagmiljø
PwC er meir enn du trur. Hos oss jobbar juristar, revisorar, økonomar og rådgjevarar side om side, kvar dag. Å jobbe tett på tvers av fagfelt gjer arbeidskvardagen ekstra variert og utviklande. Vert du nysgjerrig av tanken på å bidra til å løyse viktige samfunnsproblem i lag med fagekspertar innan ulike bransjar?
Er du jurist får du jobbe med med eit nyskapande næringsliv særleg innan fagfelt som skatt, avgift, selskapsrett, transaksjonar, fast eigedom, arbeidsrett og offentlegrettslege problemstillingar. Vi meiner at menneske må utvikle seg for å trivast og du vil difor få variasjon i både kundeoppdrag og oppgåver.
Som rådgjevar i PwC blir du ein del av eit dyktig team som er opptatt av både fagleg og personleg utvikling. Bank og finanssektoren, marin og maritim sektor, energi og reiseliv er nokre av bransjane vi jobbar med, med tema som strategiutvikling, analyse, berekraft, HR, leiing og omstilling.
Som revisor i PwC får du jobbe tett med mange av dei mest spennande selskapa i regionen. I eit ungt miljø får du vere med på analyse, risikovurderingar, revisjon og vere ein del av den teknologiske utviklinga innan revisjonsfaget.
Om PwC Nordvest
PwC i Sunnfjord er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeidar målretta med å bygge lokal
kompetanse, og har kontor i Førde, Florø, Sandane, Måløy, Stryn, Sogndal, Ulsteinvik, Molde og Ålesund, med ca 95 tilsette.
Mer informasjon og alle ledige stillinger i PWC finner du her: Nettside