Bli kjent med Sunnfjord

Sunnfjord er ein fantastisk plass! Her kan du leve ut draumane dine, uansett kva dei er. På denne sida kan du bli betre kjent med Sunnfjord. Korleis kjem ein seg hit, og når man først er her, korleis kjem ein seg rundt? Kor kan ein bu? Treng du barnehageplass? Vi hjelper deg!

Komme seg rundt

https://entur.no/ kan du finne alle busstider, anten du skal busse rundt i Sunnfjord – komme deg hit, eller dra herifrå. På skyss.no finner du oversikt over bybuss. Widerøe flyr til Førde og landar på Bringeland, omtrent 20 minuttar frå sentrum. Det går flybuss når det er avgang og landing, og du når Førde Taxi på 57 82 14 25.

Kor kan du bu?

I Sunnfjord kan du finne din nye bustad til ein pris langt under det man ofte finn i større byer. Her er noko for einkvar, anten om du ønskjer å bu midt i sentrum, eller ute på landet. Her har vi samla ei oversikt over stader du kan finne din nye bustad.

Kjøpe bustad?

Finn.no / Sunnfjord

Firda.no / Sunnfjord

Leige bustad?

Hybel.no / Sunnfjord

Sammen.no / Studentbolig

Boligmarkedet i Sunnfjord / Facebook

Bygge bustad?

Sunnfjord Tomteselskap

Barnehageplass?

På Sunnfjord Kommune sin nettstad søkjer du om barnehageplass, og her finn du en oversikt over alle barnehagane i kommunen.